Områdetakst
Det er mest vanleg at skogbruksplanar vert laga for alle skogeigarane i ein eller fleire kommunar om gongen, for å halde kostnadene låge. Dette vert organisert i ein områdetakst.
På heimesida til Statsforvaltaren kan du sjå status for områdetakst i din kommune (link)
Statsforvaltaren tek initiativ til oppstart i kommunen. I kvart takstprosjekt vert det oppretta eit takstutval. Eit takstutval består av lokale skogeigarar. Takstutvalet bestemmer innhald i prosjektet og lagar avtale med eit takstselskap på vegne av alle skogeigarane i kommunen eller i eit prosjektområde.
For å kunne produsere ein skogbruksplan må skogen fyrst takserast. Dette vert gjort i to steg. Fyrst gjerast ein fototakst der skogen vert inndelt i bestand. Eit bestand er eit område i skogen der alle tre er nokolunde like i alder og høgde.
Det finst mange ulike data som kan gi mykje informasjon i fototaksten: Flyfoto har gode bilete av skogen, laserdata gir høgde på trea, og satellittbilete kan brukast til å vurdere kor mykje tømmer det står i skogen.
Etter fototaksten kjem felttaksten der fagfolk vurderer skogen i felt og gjer miljøregistreringar. Ein fagperson vil då komme med tilrådingar til kva du kan eller bør gjere i skogen dei neste 10–15 åra. Det blir òg vurdert kvar tid det er mest økonomisk fornuftig å avverke skogen. Dette er viktig å vite når du skal vurdere eit tilbod om hogst.
Alle skogdata og registreringar leggjast i ein stor database. Frå databasen kan det hentast ut informasjon til skogbruksplanane.
Det er vanleg å registrere følgjande for kvart bestand:
Alder |
Kor gamal er skogen i kvart bestand? |
Treslag |
Kva treslag veks kvar? |
Volum |
Kor mykje tømmer står det i min skog? |
Tilvekst |
Kor mykje meir tømmer kjem det i skogen kvart år? |
Produksjonsevne/bonitet |
Kor god er jorda mi for skogproduksjon? |
Areal |
Kor mykje gamal skog har eg, og kor mykje areal med god produksjonsevne har eg? |
Miljøregistreringar i skog (MiS) |
Kvar er det viktige livsmiljø eg må ta vare på? |
Fleirbruksomsyn |
Er det andre omsyn eg må ta i skogdrifta? |
Hogstmodnadsalder |
Når er skogen klar for hogst? |
Behandlingsforslag |
Er det trong for planting, suppleringsplanting eller ungskogpleie? |
Sunnheit |
Er det vindfall, tørkeskadar, hjorteskader m.m.? |