Skjøtsel av skog
Til vanleg vert det planta gran på hogstflater i vår region. På plantefelta veks det ofte opp andre treslag mellom planteradene, og tal planter per dekar vert for høgt i forhold til optimal produksjon og kvalitet av valt treslag.
Avstandsregulering er naudsynt for å sikre god tilvekst og kvalitet i framtidsskogen. Denne ungskogpleia skjer 10-20 år etter etablering av ny skog på arealet. Seinare i omløpet kan det vere aktuelt å kviste lauvtre for best mogeleg kvalitet. Etter 30-40 år kan tynning i skogen vere aktuelt, men dette er avhengig av mellom anna treslag, stabilitet og infrastruktur.
Om du ønskjer fleire sjikt, treslag og meir mangfald i skogen, må du planleggje framgangsmåten godt. Denne driftsforma er utan store snauhogstar og tek meir omsyn til kva naturen tilbyr som forynging. Ein slik type skog vert meir stabil i forhold til naturskadar (vind, flaum, ras, billeangrep) og er positiv for det biologiske mangfaldet i skogen din.
Du kan søkje kommunen om tilskot til ei rekke skjøtselstiltak. Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skjøtsel av skog.