Minsteproduksjon mjølk
Eit av grunnkrava for å få tilskot til jordbruksdrift er at ein driv vanleg jordbruksproduksjon. Det vil seie at ein må ha eit visst produksjonsvolum i forhold til dei produksjonsdyra føretaket disponerer.
For å ha rett på produksjonstilskot for mjølk, er det krav om ein viss produksjon i liter mjølk per årskyr og tal kalvar (kalvingsintervall).
For 2021 var gjennomsnittleg mjølkemengd per årsku om lag 8 200 liter mjølk. Det er krav om ein minsteproduksjon på minst halvparten av dette, altså 4 100 liter per årsku for å oppfylle kravet om vanleg jordbruksproduksjon i produksjonstilskot. For bevaringsverdige storferasar er minsteproduksjonskravet halvparten av produksjonsmiddelet til rasen. Det er som regel noko lågare enn for NRF kyr.
Mjølkeku er ei ku som har kalva i løpet av dei siste 15 månadane og som er i mjølkeproduksjon i eit føretak som disponerer mjølkekvote eller lokalforedlingskvote. For bevaringsverdige storferasar er kalvingsintervallet 18 månader.