Foredling
Nye lokalmatprodusentar tar gjerne utgangspunkt i eigne råvarer, kunnskap, interesse og røynsle. Motivasjonen er oftast eit ønske om verdiauke på produkta sine, å skape sin eigen arbeidsplass og utvikle gardsbruket for seg sjølv og neste generasjon.
Direkte sal av råvare (ikkje foredla produkt) har også auka kraftig dei seinare åra, motivert av t.d. låg pris på sauekjøt, framvekst av småskala grønsaksdyrking mm. Sosiale media har senka terskelen for å bygge opp og kommunisere med sin eigen kundekrins for direkte sal, og ført til framvekst av konsept som REKO-ringane, som gir ein effektiv, alternativ marknadsplass for bønder og forbrukarar.
Prøveproduksjonar og -sal er ofte fornuftig, t.d. i leigde lokalar eller sett ut til ein eksisterande produsent. Då kan ein hauste røynsler, forbetre produkt, skaffe seg meir kompetanse, og ein får betre grunnlag for forretnings- og investeringsplanlegging og -kalkylar.
Nisjeslaktordninga er ein god og kostnadseffektiv inngang til sal og foredling både hos Nortura og dei andre slakterikonserna.
Grunna reduksjonen i mjølkekvotar og norske suksessar i World Cheese Awards (Bergen 2018), ser vi at fleire mjølkebønder vurderer foredling av eiga mjølk. Dei har fleire grunner til dette:
Ei større verdiskaping på same mjølka kan forsvare fornying av driftsapparatet, også på små bruk (utviklingsstrategi).
Tilgang til å søkje om lokalforedlingskvote for mjølk gjer det mogleg å «fylle fjosen» igjen. Betra økonomi, ekstra/kårarbeidsplass og interesse og status i eige produkt kan gjere bruket meir aktuelt å ta over for neste generasjon
Næringsmiddelproduksjon er underlagd strenge reglar og kvalitetssikring for å sikre norske forbrukarar trygg mat. Som matprodusent er dette noko av det viktigaste du må halde deg til. Mattilsynet har ei eiga oversiktsside for lokalmat, der du finn det du treng å vite om regelverk og rettleiing til dette, inkludert registrerings- og godkjenningsreglement.
Har du utvikla eit særskilt produkt du gjerne skulle sjå framheva eller beskytta, t.d. i samband med oppskalering og profesjonalisering, sjekk spesialitetsmerkeordninga til Stiftelsen Norsk Mat. Er de fleire som produserer eit spesielt produkt, gjerne geografisk, så kan de ta kontakt med Stiftelsen Norsk Mat for vurdering av beskytta nemning.