Norske forbrukarar ønsker i aukande grad å kjøpe norske matspesialitetar. Mange vil kjøpe produkt eller råvare direkte frå bonde. Dette gir dei nærleik til produkt og historie, i tillegg til auka variasjon og smaksopplevingar. Stadig fleire bønder ønsker å ta hand om verdikjeda sjølv. Primært for å ta ut meir av verdien i produkta sjølve, men også av interesse for maten og handverket, og stoltheit og eigarskap til produktet, tradisjonen og historia. Sosiale media gjer det lettare å kommunisere historie direkte med kundane og bygge relasjonar og nærleik. Mange driv foredling av eigne råvarer til gode produkt. Men stadig fleire ser seg også tent med berre å selje sine eigne råvarer. Foredling gir eigen arbeidsplass på bruket, medan sal av eigne råvarer gir meirverdi og identitet om ein ikkje vil ta på seg for mykje risiko og arbeid. På desse temasidene peikar vi på ein del felt du som vurderer eller driv sal eller foredling av lokale råvarer frå eigen gard eller bygd bør kjenne til og vurdere. |